Å spare i fond er ein god måte å spare på, fordi det historisk sett gir høgare verdistigning på pengane enn å ha dei på ein bankkonto.
Eit fond er eit slags spleiselag der mange sparare går saman om å plassere pengane sine i verdipapirmarknaden. Når du sparer i aksjefond, sparer du i veldig mange aksjer samtidig. Dette gjer at du minimerer risiko samanlikna med dersom du hadde kjøpt aksjar i ein enkelt bedrift.
Kvart fond har ein profesjonell forvaltar til å styre investeringane, for å gi deg best mogeleg verdistigning. Dette gjer at du som fondssparar ikkje treng mykje forkunnskapar eller å halde deg oppdatert på kva som skjer i marknaden for å kunne spare i fond.
Fondet du plasserer pengane dine i, har investert i selskap som stadig skapar meir verdi. Aksjemarknaden svingar, men så lenge vi har produktivitetsvokster og auka verdiskapning i samfunnet vil aksjemarknaden over tid stige meir enn det fell.