– Mange foreldre veit ikkje kvar dei skal vende seg dersom barnet deira blir utsett for nettmobbing. Det viser til eit behov for både betre informasjon og tryggleik rundt temaet, fortel Kjetil Røhne-Hagen, Produktsjef privat i Eika Forsikring.

Aukande mobbing på skulen

Digital mobbing er eit aukande problem i norske skular. Når meir av det sosiale livet har flytt seg til sosiale medium og teknologi, har mobbinga også flytt seg frå klasserommet og ut på nettet, og påverkar barn og unge på ein alvorleg måte.

Elevundersøkinga for 2022 viser nedslåande statistikk om at delen som opplever mobbing aukar i alle klassetrinn. Ifølgje Elevundersøkelsen til Utdanningsdirektoratet for 2022 er det stor auke i nettmobbing på skulen. Mobbinga har auka med omtrent ein tredjedel sidan 2019. I 2019 svarte også 33,7% av dei som blei mobba digitalt at somme spreidde ting på nettet som såra dei.

Mest mobbing blant dei yngste

Auken i 2022 er spesielt stor i 7- og 10-klasse. I sjuande klasse, som har hatt ein jamn auke over fleire år, har delen som blir digitalt mobba auka frå 3,3% i 2021 til 3,8% i 2022. Det er ein auke på nesten 24%. Blant elevane på vidaregåande skular er det lågare tal.

Det oppgis mest mobbing i dei yngste trinna i undersøkinga. Blant dei spurde femteklassingane seier 12,5 % at dei opplever mobbing og 4,7 % seier at dei blir digitalt mobba.

Trist jente held telefon

Mange skular og organisasjonar jobbar aktivt med å førebyggje og bekjempe nettmobbing, men dessverre kan det vere vanskeleg å stoppe all mobbing. Derfor er det viktig å tenkje på korleis ein kan hjelpe offera etter at mobbinga har skjedd.

Onlineforsikring gir stønad til mobbeoffera

– I yttarste konsekvens kan nettmobbing medføre til alvorlege psykiske problem for offeret. Derfor er det ei sjølvfølgje at onlineforsikringa dekkjer utgifter til inntil 10 psykolog-/rådgivingstimar i tillegg til utgifter ved fjerning av elektronisk materiale knytt til nettmobbinga, seier Røhne-Hagen.

I tillegg blir kostnadene dekte inntil 25.000 kroner ved fjerning av materiale. Målet er å slette bestemt innhald frå nettet, som eit bilete eller ein video frå indeksen til ein søkjemotor. Gjennom det vil spor frå nettstader, fora, blogger og sosiale nettverk ikkje visast lenger, eller i det minste ikkje visast øvst i søkjeresultata.

Sidan nettmobbing kan påverke offera på ein så alvorleg måte, er det viktig at foreldre, skular og organisasjonar tek det på alvor og sørgjer for å gi støtte og hjelp til dei som blir utsett for det. Onlineforsikring kan vere ein viktig del av dette, ved å gi offera den stønaden og hjelpa dei treng for å kome seg vidare etter ei traumatisk oppleving.

Les meir om onlineforsikring her!

Gode råd:

  • Lær barnet ditt ein fornuftig mediebruk
  • Snakk om nettmobbing og nettvanar
  • Ta barnet på alvor når de snakkar om mobbing og ikkje bagatelliser hans eller hennar opplevingar
  • Ta kontakt med klasseforstandar og/eller foreldre til mobberne
  • Få hjelp dersom hendingane ikkje stoppar