- I Eika har vi spesialistar som jobbar aktivt med å hindra alle typar svindel, og vi har system som passar på pengane dine heile døgnet, heile året, fortel Steingrim Soug, sikkerheitssjef i Eika.

- Totalt sett blir fleire hundre potensielle hendingar undersøkte og avverja kvar månad. Samstundes er det aldri mogleg å gardera seg heilt mot svindlarar som blir stadig meir kreative, så det er viktig å følgja nokon forholdsreglar, held Soug fram.


Her er dei 5 beste tipsa frå sikkerheitssjefen for å unngå å bli svindla:


  1. Bruk sunn fornuft
    Ein kan stoppa dei fleste svindelforsøk ved å følgja denne hovudregelen. Eit tilbod som verkar for godt til å vera sant, er gjerne det.
    Klikk for å sjå film
  2. Sjå opp for falske lenker
    Ver skeptisk til lenker i e-post, sjølv frå avsendarar som kan sjå trygge ut. Til dømes vil ein bank aldri leggja ved ei lenke til nettbanken din i ein e-post. Du kan halda musepeikaren over lenka for å kontrollera om adressa verkar logisk. Er du i tvil? Ikkje trykk.
    Klikk for å sjå film
  3. La det ringa
    Kriminelle sender ikkje berre meldingar og e-post, dei ringer deg òg. Somme av dei vil ha deg til å gi opp kort- eller kontoopplysningar. Andre gir deg eit lite ring og håpar du ringer tilbake til ein skyhøg pris. Ver ekstra skeptisk til utanlandske nummer, og hugs at svindlarane er kreative:
    Vi har sett at kundar har blitt ringt opp av ein «norsk bank» med melding om at dei har fått innvilga eit lån. Kunden nektar for å ha søkt om lån, og blir sendt vidare til ein ny svindlar som spør om BankID for å «fjerna lånet». Som bank kjem vi aldri til å be deg om slik informasjon på telefon.
    Klikk for å sjå film
  4. Skyhøg avkastning?
    Det finst falske investeringsselskap som gjerne vil at du skal investera i ting som kryptovaluta og binære opsjonar, men i realiteten går pengane rett i lomma på svindlarane. Somme av dei har utvikla appar som let deg følgja utviklinga, men det er berre for å få deg til å investera meir. Den dagen du vil realisera gevinsten, får du plutseleg ikkje tak i meklaren.
    Klikk for å sjå film
  5. Falsk kjærleik
    Kvart år blir mange nordmenn offer for såkalla «kjærleikssvindel», og som oftast startar det på nett. Svindlaren vil sjarmera deg, gjerne i lang tid, før h*n treng pengar til eit eller anna. Hugs berre: Aldri overfør pengar eller gi tilgang til kontoane dine.
    Klikk for å sjå film

Eika Sikkerhet har laga ei rekkje filmar som lærer deg kva for metodar svindlarar bruker, og korleis du beskyttar deg mot dei. Sjå fleire her


Tre triks for å avsløra nettsvindel

- Alle typar svindel dreier seg om sosial manipulasjon, det vil seia at du som kunde blir lurt på ein eller annan måte. Svindlarane er flinke, dei kan gjerne snakka dialekt og ringa frå norske nummer. Derfor er rådet om sunn fornuft det aller viktigaste. På nett, derimot, kan ein avsløra dei fleste typar svindel med tre enkle triks, forklarar Steingrim Soug:

  1. Kontroller lenker
    Hald gjerne musepeikaren over lenka, då kjem nettadressa opp.
  2. Kontroller e-postadressa til avsendaren
    Ofte er ikkje avsendaradressa forfalska, då kan du avdekkja svindelen på denne måten.
  3. Kontroller adressa
    I staden for å trykkja direkte på ei lenke, kan du kopiera adressa manuelt for å sjå om ho verkar trygg.

Har du blitt svindla?

Om uhellet skulle vera ute, er det éin ting som er viktig: Meld frå til banken så fort som mogleg.

- Dess raskare vi får vita om svindelen, dess større sjanse er det for å hindra at han blir gjennomført. Når du kontaktar banken, gir du oss òg høve til å varsla andre som kan vera i risikosona, avsluttar sikkerheitssjef Steingrim Soug.

Portrett av Steingrim Soug


Norske banker hentar inn legitimasjon

Har du opplevd at banken har teke kontakt for å henta inn og kontrollera legitimasjon? Grunnen til dette er krava i kvitvaskingslova om at alle kundar skal vera legitimerte - rett og slett for å vera sikker på kven kundane er. Bankane er òg pålagde å henta inn ny legitimasjon dersom dokumentasjonen dei har fått tidlegare er mangelfull, utgått på dato eller av for dårleg kvalitet. I takt med den digitale utviklinga blir legitimasjonskravet skjerpa både i Noreg og internasjonalt.


Les meir hjå Finanstilsynet