Pålogging nettbank - alle må logga på med BankID.
I påloggingsbiletet kan du velge mellom
BankID med brikke eller
BankID på mobil:
Slik aktiverer du BankID i nettbanken
Dersom du ikkje har BankID i Tysnes Sparebank må du opprette og aktivere BankID for å gå vidare.
1. Frå påloggingsbiletet (skjermbilete over), gå til
Pålogging med brikke, tast inn fødselsnummer og klikk Logg Inn.
2. På neste skjermbilete får du beskjed om at det finnes ein BankID-avtale som ikkje er registrert. Klikk på
Start.
.png?la=nb-no&hash=82C56861517F4548C6AA7EC5170F16C9C175014C)
3. Bestill passord: Velg
Send meg passord på SMS og tast inn kode frå kodebrikka du har i Tysnes Sparebank. Klikk
neste.
.png?la=nb-no&hash=63ADF58F753355F125DE89D9FAD1278510D7512E)
4. Tast inn eingongspassordet som kom på SMS, les gjennom og aksepter avtalevilkåra og klikk
neste.
.png?la=nb-no&hash=563E994C616EDC01A290C2C53535814E904232C9)
5. BankID er no aktivert og pålogging til nettbank skal vera klar innan få minuttar.
Slik finn du konti du eig og disponerar i nettbanken:
Nettbanken fordelar konti på avtalar. Kvar avtale er knytt opp mot èin person eller èi bedrift, men fleire kan få tilgong til same avtale. For å betale frå ein konto må du difor først sikre at du har valgt korrekt avtale. Avtale velges ved pålogging, men du kan enkelt byte via Bytt avtale oppe til høgre.
Oversikt i nettbanken over alle konti du disponerar:
Den første oversikten du får opp etter du har logga inn, viser kun konti i valgt avtale. Ynskjer du oversikt over alle avtalar og konti du har tilgong til, sørg for at du er på
Mine kontoer og klikk på burgermeny (tre streker) ute til høgre, som vist på skjermbiletet under. Velg
Kontoer jeg disponerer.
PS: Finn du ikkje kontoane til dine barn eller din ektefelle / sambuar? Prøv å bytte avtale!
For å bruke nettbanken må du tillate informasjonskapsler i nettlesaren, og enkelte funksjonar krev også at det tillates opning av pop-up vinduer.
Nettpost brukar dokumenter i PDF-format. For å lese desse treng du ein PDF-lesar som til dømes Adobe Reader.