Året 2022 vart eit nytt rekordår for Tysnes Sparebank

Året 2022 var prega av uro i Europa, stigande prisar og renter, som igjen var med å skape utfordringar for privatpersonar og verksemder. Likevel klarte Tysnes Sparebank å oppnå eit resultat før skatt på 39,7 mill. kr.

Det er inntekter frå utlånsaktiviteten som aukar mest i 2022. Det er stor pågang av nye kundar til banken, dette er hovedgrunnen for framgangen på inntektssida.

 

Vekst i utlån på 4,8 %

Banken har i løpet av 2022 hatt ein vekst i utlån på 4,8 %.

«Vi er svært godt nøgde med resultatet for 2022. Det har vore eit år prega av uro både nasjonalt og internasjonalt. I urolege tider er lokalbanken noko kundane set pris på» uttalar banksjef Dag Sandstå.

 

Lågare kostnader i 2022

Samla kostnader i banken er redusert med om lag 1 mill. kr. i høve til året før. Det er driftskostnadene som er er lågare enn året før. Når banken tar i bruk ny dataleverandør i 2023 er det venta at kostnadene til datadrift kan verta endå lågare.

 

God avkastning på eigenkapitalbeviset i banken

Det gode resultatet gjev ei avkastning per eigenkapitalbevis på kr. 8,67. Det er forstanderskapet i banken som i mars månad skal godkjenna årsrekneskapet og fastsetja utbytte til eigarane.

 

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

 4. kvartalsrapport for 2022 finn du her.

 Tysnes, 15. februar 2023

 Dag Sandstå

Banksjef