Bankens styre

Her finn du informasjon om og ei oversikt over bankens styre.

Eigarstyring i Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank er som sparebank ein sjølveigande institusjon som driv tradisjonell sparebankverksemd. Eigenkapitalen er bygd opp av sparebankens fond (resultata frå drifta) og eigenkapitalbevis (75,5 MNOK). Den nye finansføretakslova, som kom i kraft frå 1. januar 2016, fastset styringsstrukturen for banken.

I forstandarskapet, som er det høgaste organet i banken, er det tolv medlemer, som er valde for fire år. Av desse er tre valde av kommunestyret, tre er valde av innskytarane, tre er valde av eigenkapitalbeviseigarane, og tre er valde av dei tilsette. Forstandarskapet vel styret, som har som oppgåve å leia banken i samsvar med lover og vedtekter. Det er styret si oppgåve å tilsetja banksjef.

Styret er på seks medlemer som er valde for to år om gongen. Eit styremedlem og ein observatør skal veljast av og blant bankens tilsette. Bankstyret er også risiko- og revisjonsutval. Minst eit av styremedlemene har økonomikompetanse i tråd med krav om at eit styremedlem skal ha rekneskapseller revisorkompetanse. Den nye finansføretakslova fjerna kravet til kontrollkomité
og kontrollkomiteen i Tysnes Sparebank vart beslutta avvikla i mars 2016.

Liste over kven som er med i dei styrande organa i banken, er teken inn i årsrapporten. Forstandarskapet vel i tillegg ansvarleg revisor. Forstandarskapet valde BDO til ansvarleg revisjonsfirma på møte i 2012. Bankane i Noreg er pålagde ei rekkje kontrollmekanismar som må fylgjast. Her kan nemnast reglar om kapitaldekning, reglar om store engasjement med enkeltkundar, spesielle reglar for lån til tillitsvalde og tilsette, spesielle reglar for inhabilitet og reglar om internkontroll. I tillegg er banken pålagd fleire krav til rapportering til myndigheitene. 

Styret

Styremedlemmer:
Bente Raknes 5680 Tysnes Leiar
Elisabeth Sandven 5683 Reksteren Nestleiar
Ingvild Aslaksen Hustad 5690 Lundegrend Medlem
Tor Brattebø 5627 Jondal Medlem
Børge Pedersen 5680 Tysnes Medlem
Steffen Sleire Opdal 5680 Tysnes Medlem (for tilsette)
Torunn Nødland 5413 Huglo (observatør tilsette)
Varamedlemmer:
Jan Arild Nesse 5414 Stord
Stein Olav M Skaten 5680 Onarheim  
Heidi Renate Røssland 5694 Onarheim
Torunn Nødland  5413 Huglo (for tilsette)