Økonomiske problem?

Ikkje utsett eit økonomisk problem. Her finn du informasjon om korleis me som lokalbank kan bidra med råd.
  • Få heilhetleg økonomisk oversikt
  • Kostnadsfri rådgjeving
  • Din eigen lokale rådgjevar
Book møte

Før du bookar eit møte

Det er nokre ting me anbefalar du gjer før du avtalar eit møte med oss. 
  • Les gjennom sida med informasjon frå Finans Norge, under. 
  • Skaff deg oversikt over inntekter, gjeld, rekningar og anna knytt til økonomien din. 
  • Er det noko du kan ta tak i allereie no? Har du eiendeler som kan seljast? 

Tips frå Finans Norge - viktig informasjon

På denne sida hjå Finans Norge finn du viktig informasjon om kva du bør gjere dersom du har eit økonomisk problem. Før du kontaktar banken anbefalar me at du les gjennom informasjonen som ligg her.

Ta tak straks problemet oppstår

På denne måten kan du få råd om kva du kan gjere før økonomien blir katastrofe. 

Du kan ta kontakt med banken dersom 

  • Du har god økonomi, men treng nokre tips for å skaffe betre oversikt. 
  • Du er i ein meir utfordrande situasjon og ser at pengane ikkje strekk til. 
  • Du treng hjelp til å komme over ein midlertidig økonomisk kneik.
  • Du er i ei økonomisk krise. 

Det er ikkje i alle tilfeller me som bank kan bistå, men me forsøker å strekke oss så langt me kan både for å hjelpe til, samt kome med gode råd om vegen vidare.