Har du vorte utsett for svindel? Eller har du eit krav mot ein seljar som er betalt med t.d. eit kort utskrive av banken? Eller er du usamd i ei avgjerd frå banken? Då kan du setja fram kravet ditt her.

Klageordninga er intern og må ikkje forvekslast med eit uavhengig organ som t.d. Finansklagenemnda. Du har ikkje plikt til å nytta klageordninga til banken dersom du er usamd i ei avgjerd frå oss. Du kan alltid leggja saka fram for Finansklagenemnda eller domstolane dersom du er misfornøgd med svaret til banken. 
I misbruks- og svindelsaker knytt til betaling og kontobelastning, er det banken sjølv som må leggja sak fram for Finansklagenemnda eller domstolane dersom banken meiner at det er grunnlag for at du heilt eller delvis kan haldast ansvarleg.

Behandling av saker i Finansklagenemndas sekretariat er gratis for deg. Det kan komma eit mindre gebyr dersom du får avslag i sekretariatet og krev saka avgjort av nemd. Det er også gratis å nytta den interne klage- og reklamasjonsordninga til banken. 

Rettane dine 
Banken vil behandla di sak i samsvar med dei reglane som følgjer av finansavtaleloven og anna regelverk. Banken kan ikkje fråvika reglar som vernar deg som forbrukar. Banken vil i sine vurderingar også vurdera om det ut frå dei personlege forholda dine og karakteren i saka, er rimelege omsyn som tilseier at eit ansvar du eventuelt har, bør lempast. Me vil også gjerne ha ein dialog med deg dersom du ønskjer å finna fram til ei løysing med banken.

Dersom du ikkje har samtykt til ein betalingstransaksjon og reklamerer overfor banken, er det i utgangspunktet banken som er ansvarleg for transaksjonen med frådrag for ein eigendel på kr 450,- som kan belastast deg. Finansavtaleloven har likevel reglar som medfører at du sjølv heilt eller delvis kan haldast ansvarleg dersom det er grunnlag for at du kan klandrast for misbruket/svindel. Har du opptredd grovt aktløyse vil ansvaret vera inntil kr 12.000, medan det kan vera uavgrensa dersom du har opptredd med forsett eller svik. Banken kan ikkje sjølv avgjera om du kan haldast ansvarleg. Banken må leggja saka fram for Finansklagenemnda eller domstolane og få medhald der, for at du skal kunna påleggjast slikt ansvar.

Dersom nokon har teke opp urettmessig lån eller kreditt i ditt namn ved t.d. misbruk av din BankID, vil me utsetja saka så lenge saka blir behandla eller det går føre seg etterforsking eller straffesak mot mogleg gjerningsperson. Dette betyr at me i denne perioden ikkje vil retta rettsleg påkrav mot deg sjølv om det etter finansavtaleloven er grunnlag for at du heilt eller delvis kan haldast ansvarleg. Det er også her Finansklagenemnda eller domstolane som bindande kan avgjera om du kan påleggjast ansvar. 
Har du kjøpt varer eller tenester og betalt med betalingsløysingane våre, kan du vera beskytta dersom seljar ikkje leverer som avtalt og du har eit krav mot seljar. Har du handla med kredittkort gir finansavtaleloven deg, på nærare vilkår, ein rett til å krevja banken for krav du har mot seljar.

Ta kontakt med oss dersom du ønskjer nærare informasjon om rettane dine.    

Tilbakeføring
Dersom du meiner at du ikkje har godkjent eller samtykt til ein betalingstransaksjon, vil me tilbakeføra beløpet til deg. Dette vil typisk gjelde der du meiner at du er utsett for svindel. Me kan ved tilbakeføringa gjera fråtrekk for eigendelen i lova på kr 450,-. 

Banken vil deretter undersøkja om det er banken som i samsvar med hovudregelen i lova skal bera ansvaret, eller om det er grunnlag for om du heilt eller delvis kan haldast ansvarleg etter finansavtalelovens reglar. Banken kan likevel ikkje sjølv gi deg ansvar eller gjennomføra gjenbelastning av kontoen din/kort. Banken må sjølv leggja saka fram for Finansklagenemda eller domstol og få medhald der før ansvar kan påleggjast deg. 


Fristar
For reklamasjonar der du meiner det ligg føre svindel eller misbruk, eller at du har rettar mot ein seljar som banken må dekkja, har finansavtaleloven særskilde fristar for når du må setja fram krav mot banken.
 
Hovudregelen er at du må varsla banken utan ugrunna opphald etter at du vart kjend med transaksjonen, og seinast innan 13 månader. I saker der du har eit krav mot ein seljar som ikkje leverer som avtalt, må du i tillegg til å reklamera overfor seljar, også varsla banken ved første rimelege høve.


Saksbehandlingstid
Banken skal avgjera klagesaka di innan 15 vyrkedagar frå ho er motteken. Dersom saka tek lengre tid vil me varsla deg om dette. Saker om svindeltransaksjonar og misbruk av BankID er ofte kompliserte saker som kan krevja lengre behandlingstid. Dette kan også gjelda saker der du har eit krav mot ein seljar som ikkje leverer som avtalt. 

Melding av avgjerd
Du vil som kunde få eit skriftleg svar på di sak. Dersom du ikkje blir gitt fullt medhald, vil svaret til banken grunngivast. Dersom du er usamd i ei avgjerd frå banken, vil me gjennomføra ei ny vurdering av saka. 

Nærare opplysningar om Finansklagenemnda finn du på Finansklagenemda.no.