-
Kva dekkjer ei ansvarsforsikring?Ei ansvarsforsikring kan dekkje det rettslege erstatningsansvaret du som privatperson eller bedrift kan pådra deg når du har valda skadar på andre personar eller andres eigedelar.
-
Kva blir normalt omfatta av ansvarsdekninga?
Forsikringa omfattar det rettslege erstatningsansvaret du kan pådra deg med dei avgrensingane som følgjer av norsk erstatningsrett og forsikringsvilkåra.
For å kunne haldast rettsleg ansvarleg for skade må du ha opptrøtt uaktsamt, eventuelt kunne haldast ansvarleg etter særskilde reglar.
For nærmare opplysningar om kva som blir omfatta av dekninga ber vi deg lese vilkåret for forsikringa di.
-
Kva blir ikkje omfatta av ansvarsforsikringa?
Skader du har valda ved forsettleg handling eller forsøming av handling, og følgjer av ein slik skade.
For nærmare opplysningar om avgrensingar ber vi deg lese vilkåret for forsikringa di.
-
Kva kan Eika Forsikring hjelpe deg med ved eit erstatningskrav?
- Utgreie om erstatningskrav ligg føre.
- Forhandle med kravstillar.
- Om nødvendig prosedere saka for domstolane.