Vellukka retta emisjon i Tysnes Sparebank på 36,75 mill.kr.
Tysnes Sparebank har gjennomført ein retta emisjon som styrkjer eigenkapitalen i banken med nye 36,75 millionar kroner. Det er 14 bedrifter og privatpersonar frå regionen som har teikna seg. Teikninga er med atterhald om endeleg godkjenning i bankens forstandarskap og godkjenning frå Finanstilsynet.

”Det har vore ein overveldane interesse for å teikne eigenkapitalbevis i banken” seier banksjef Dag Sandstå.

Tilretteleggjar for emisjonen er meklarhuset Fondsfinans medan advokatfirma Selmer DA har stått for den juridiske bistanden.

Styrkjer eigenkapital og gjev større vekstkraft
Auken i eigenkapitalen i banken gjer at banken kan verta om lag 1 milliard større enn den er i dag. Det styrkjer bankens strategi om å vera ein frittståande lokalbank i regionen. Bankens konsept er at kunden skal oppleva ”verdas mest personlege bank”. Den lokale og nære banken er noko mange personar og bedrifter i regionen likar godt. 

Eksisterande eigarar vert invitert til å delta i ny emisjon i november
For å ivareta eksisterande eigarar på ein best mogeleg måte vil alle som har eigenkapitalbevis i banken pr. 17. oktober 2016 og som ikkje har teikna i den retta emisjonen få anledning til å teikne nye eigenkapitalbevis i ein reparasjonsemisjon. Denne emisjonen vil skje i frå midten av november og ut månaden.

Nye kontor er under planlegging
Der andre bankar legg ned har Tysnes Sparebank gått mot straumen og opna kontor. Den første etableringa utanfor Tysnes kommune var på Husnes i 2015. Denne etableringa har så langt vore ein suksess og ligg godt føre dei planlagde delmåla. Neste kontoretablering vert på Stord utpå vinteren.

Solid bank
Banken finansierer om lag 80 % av utlåna med innskot i frå kundar i regionen.  I tillegg er banken sin reine kjernekapitaldekning på heile 18,8 % etter emisjonen (pro forma pr. andre kvartal 2016).  Dette gjer banken godt rusta for den planlagde veksten i åra som kjem.

Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 900 89 084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.
Tysnes, 21. oktober 2016

Tysnes Sparebank
Dag Sandstå
Banksjef