Solid resultatvekst i Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank hadde ved utgangen av 3. kvartal eit resultat av ordinær drift på 14,6 mill. kroner. Dette 1,5 mill. kroner betre enn heile året 2015 – ei resultatforbetring på meir enn 30 prosent i høve til same tid i fjor.  

 

”Bankkonseptet til Tysnes Sparebank som lokal og personleg er noko mange kundar ynskjer seg” uttaler banksjef Dag Sandstå. Tilstrøyminga av kundar kjem både frå private og bedrifter i Sunnhordland.

 

Åpner kontor på Stord

Banken vil i løpet av vinteren åpne nytt salskontor på Stord samt etablera ein møteplass i Rosendal for å ivareta kundane lokalt med bankfolk som kjenner lokalsamfunnet, geografien og dei som bur der.

 

”For vår bank har det vore stor suksess med å åpne nye kontor i Sunnhordland. Den erfaringa dette har gitt oss skal vi byggje vidare på” seier banksjef Dag Sandstå.

 

Ekstra møte i forstanderskapet for å vedta kapitalauke

Onsdag 9. november 2016 vedtok forstandarskapet å auke bankens eigenkapital med opptil 45 millionar kroner. Dei første 35 mill. kr. er sikra i ein retta emisjon, medan eksisterande eigarar som ikkje teikna i den retta emisjonen kan teikne seg i ein ny emisjonen som startar 14. november og vert avslutta 28. november 2016.

 

Den nye kapitalen skal banken nytta til å fortsetja veksten – målet er at banken skal vera mellom 3 og 4 milliardar i størrelse.

 

Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 9. november 2016

Tysnes Sparebank

Dag Sandstå

Banksjef