Ny kapitalutviding i Tysnes Sparebank

Forstanderskapet i Tysnes Sparebank vedtok i møte tirsdag 17. oktober 2017 å auka eigarandelskapitalen i banken med ca. 35 millionar kroner ved utstedelse av 333 333 nye eigenkapitalbevis, kvart pålydande NOK 100 og til teikningskurs NOK 105. Det er allerede etablert eit garantikonsortium som sikrar fulltegning i emisjonen.

 

Opnar for nyteikning

I vedtaket frå forstanderskapet vert det opna opp for at nye personar og verksemder som ikkje er eksisterande eigarar i banken kan kjøpa eigenkapitalbevis. Inntil 5 millionar kroner i brutto emisjonsproveny er avsett til dette, medan et brutto emisjonsproveny på 30 millionar kroner vert avsett med fortrinnsrett for eksisterande eigarar som registrert i banken sitt VPS-register ved utløpet av 29. september 2017. Minsteteikning vil vera kr. 10.500.

 

Ny kapital sikrar vekstkrafta i åra som kjem

Den nye kapitalen er med å sikrar vekstkrafta til banken i åra som kjem. Med ny kapital på plass kan banken veksa med om lag 220 millionar kroner på eigen bok – i tillegg kjem vekst via Eika Boligkreditt. Det betyr til dømes at banken kan finansiera 300 – 400 bustader årleg framover.

 

Eigenkapitalbeviset vert notert på Merkur Market – Oslo Børs

Styret i banken har tidligare i haust vedtatt å søkje om opptak av bankens eigenkapitalbevis til handel på Merkur Market, en del av Oslo Børs. Dette er ein marknadsplass for eigenkapitalbevis og aksjar tilpassa små og mellomstore verksemder. I dag er et par andre mindre sparebankar notert på denne marknadsplassen. Notering på Merkur Market kan gjera det enklare å kjøpa eller selja eigenkapitalbevis i Tysnes Sparebank ettersom handel vil gjennomføras gjennom Oslo Børs sitt handelssystem.

 

Solid resultatutvikling i Tysnes Sparebank

Banken har ein god tilvekst av nye kundar i regionen. Målet til banken er å kunna gje eit utbytte som er 5 til 7 % over bankrente i åra som kjem. Utbytte til eigarane i 2016 var på 8,9 %.

 

Banken har nytta Beringer Finance AS som finansiell tilretteleggjar og Advokatfirmaet Selmer DA som juridisk rådgjevar.

 

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.
  

Tysnes, 17. oktober 2017

Dag Sandstå

Banksjef