Tysnes Sparebank opna i dag nytt kontor i Odda

Som den einaste frittståande lokalbanken i regionen opplever banken med hovudkontor på Tysnes ein stor vekst.  No utvidar banken med nytt kontor i Odda.  Kontoret er det 4. kontoret banken etablerer utanfor Tysnes. Banken er no etablert på følgjande stader: Tysnes, Husnes, Rosendal, Lagunen (Bergen) og no Odda.

 

Satsar på Odda

Banken har tilsett Greta Lothe som ansvarleg for kontoret/møteplassen i Odda. Ho har lang erfaring frå bank – både frå Sparebanken Hardanger og Sparebanken Vest. I starten vil personell frå Husnes vera med.  Faste kontordagar i Odda er tysdag og onsdag, dei andre dagane etter avtale.  

 

Tenester som vert tilgjengelege

Kundane møter lokale rådgjevarar som kan rettleia om personleg økonomi, forsikring og sparing/plassering. Verksemder vil kunna møte lokal bedriftsrådgjevar som kjenner marknaden i Hardanger godt. Kontanthandtering vil kontoret ikkje tilby.

 

Stor vekst i Tysnes Sparebank

Banken har i 2016 ein vekst i marknadsandelen på nærare 30 %. Det er få bankar i Noreg som kan vise til slik framgang. Banken sin ambisjon om å vera ”verdast mest personlege bank” er eit konsept som mange likar.  I tillegg har mange konkurrerande bankar lagt ned kontor der Tysnes Sparebank opnar kontor.

 

”Vi er lei oss for at konkurrentane legg ned banktilbodet i distrikta, det er ei svekking av lokalsamfunnet at ein ikkje lenger har ein lokal bank å snakke med når ulike livssituasjonar oppstår. Vi trur det er mange som framleis ynskjer den personlege banken som sin bank” seier banksjef Dag Sandstå .

 

Størst vekst blant kundar mellom 25 og 45 år

”Det er gledeleg at ein stor del av veksten av nye kundar er i segmentet 25 til 45 år. Det er kundar som er i ein fase i livet der mange ynskjer å snakke med ein kunderådgjevar som kjenner dei lokale tilhøva og på den måten finn dei beste løysingane for den einskilde person” uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

Lokalbanken for små og mellomstore verksemder

I dag er det mange verksemder som opplever at det er vanskeleg å få kontakt med banken sin. Lokalkontoret er borte, og mange må nytta digital kommunikasjon for å kontakta banken. Tysnes Sparebank vil ha eit godt tilbod til verksemder i regionen.

 

Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 13. mars 2017

Tysnes Sparebank

Dag Sandstå

Banksjef