Korleis forsikrar du maskiner, handverksutstyr og tilsette? Bør du eige eller leige køyretøy og lokale? Har du tenkt på pensjonssparing for dei som er tilsett hos deg? Kva skjer med bedrifta om du sjølv blir sjuk og må halde stengt ein periode?

Driv du ei verksemd innan bygg- og anlegg, skjønar vi at kvardagen dreier seg om langt meir enn dagleg drift. Hugs derfor at du alltid kan stikke innom oss for ein kopp kaffi og gode råd: Nokre spørsmål er nemleg for store for nettet.

Tid til å gjere det du er best på
Hos oss møter du folk som har økonomisk fagkompetanse, bransjeforståing og – aller viktigast – lokal tilhøyrsle. Vi kjenner deg og marknaden du jobbar i, og veit kva for løysingar som gjer kvardagen din enklare. Løysingane som gir deg meir tid til å gjere det du er best på – å drive bedrifta di.

Kvar time du brukar på å uroe deg over slike spørsmål…

  • Korleis kan eg ta vare på folk og utstyr utan at det kostar skjorta?
  • Kva skjer om ein tilsett bulkar bilen og han er registrert på meg?
  • Kva skjer om vi ikkje leverer innan tidsfristen?
  • Korleis kan eg sikre at bedrifta har god betalingsevne?
  • Kva om viktige maskiner og utstyr havarerer, og vi treng å investere i nytt?

… er ein time du kunne ha brukt på noko meir produktivt. Ein prat med oss kan vonleg gjere deg fleire suter fattigare. Her er noko av det vi kan gå gjennom saman:

  • Forsikringar. Vi finn ut kva for nokre som er viktige for deg og bedrifta di.
  • Pensjonssparing. Du er pålagt å ha ei pensjonsordning for dei som er tilsett hos deg. Men slapp av, det treng ikkje vere vanskeleg.
  • Finansiering. Eige eller leige utstyr og lokale– kva løner seg eigentleg for bedrifta di?
  • Betalingar. Vi hjelper deg med å finne riktige fakturarutinar og digitale løysingar som lettar kvardagen din og sikrar god betalingsevne i selskapet.