Årsrekneskapet til banken vart godkjent

Forstandarskapet i Tysnes Sparebank hadde møte onsdag 21. mars 2018 leia av Lorentz Lunde. I møtet vart årsrekneskapen for 2017 godkjend og utbyte til eigenkapitalbeviseigarane vart fastsett.

 

Det vart også gjennomført val på nye styremedlemmer.

 

Utbytte for 2017

Forstandarskapet vedtok å utbetale kr. 8,87 i utbytte per eigenkapitalbevis – den kapitalen som vart innbetalt i desember 2017 får 1/12 utbytte.  Dette tilsvarer ei årleg avkastning på om lag 7,8 %.

 

Ny styreleiar

Etter at Leif Magne Hovland gjekk av etter maksimal tid i tillitsverv i banken vart rektor ved Uggdal Skule, Bente Raknes, vald som ny styreleiar for perioden 2018 – 2020.

 

Bente Raknes har hatt tillitsverv i banken sidan 2007 – dei siste åra som nestleiar i styret.

 

Nye styremedlemmer

Ingvild A. Hustad (Tysnes) og Tor Brattebø (Bergen/Jondal) vart valde som nye styremedlemmer i banken.

 

Ingvild A. Hustad er utdanna jurist og arbeider i NAV Tysnes. Tor Brattebø har lang erfaring frå ulike styreverv – også innan bank. Han har tidlegare vore adm. dir. i Vestlandske Salslag og Felleskjøpet Vestlandet.

 

”Eg er stolt og audmjuk over den oppgåva som eg har fått som ny styreleiar” seier Bente Raknes. ”Banken er i god utvikling i ei verd som er i omstilling – det gjev banken mange utfordringar som må løysast i tida som kjem” uttaler Raknes.

 

Det nye styret har sitt konstituerande møte i mars.

 

 Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no eller styreleiar Bente Raknes (tlf 452 52 954).

 

Tysnes, 21. mars 2018   

 

Dag Sandstå

Banksjef