Aktiv Sunnhordland AS opnar i dag

Det nystarta eigedomsmeklarselskapet Aktiv Sunnhordland AS opnar dørene i dag. Selskapet fekk naudsynte konsesjonar frå Finanstilsynet i september og er no klar til å gje Sunnhordland eit nytt og spennande alternativ ved kjøp og sal av eigedomar. Selskapet er eigd av Kjell Fylkesnes (45 %), Tysnes Sparebank (35 %) og partnarar (20 %).  Selskapet er det einaste lokaleigde meklarselskapet i regionen.

 

Marknadsområde for selskapet er heile Sunnhordland

Hovudmarknaden for selskapet er kommunane i Sunnhordland. Privatkundar og bedrifter er i målgruppa til selskapet. I Sunnhordland vert det omsett om lag 650 eigedomar årleg. Målet til Aktiv Sunnhordland AS er å vera blant dei selskapa i regionen som har høgast omsetnad.

 

Kvalifiserte medarbeidarar

Dei 3 medarbeidarane som er med frå starten har solid utdanning og røynsle frå bransjen. Christoffer Naustvåg Lillestøl er utdanna jurist og kjem frå rollen som leiar av kontoret til Garanti på Stord. Elisabeth Nonås Fylkesnes er autorisert eigedomsmeklar og har røynsle frå Sparebanken Vest Eigedom og Aktiv Hordaland AS i Bergen. Arild Lunde kjem frå Fronta Bolig AS og har lang røynsle frå ulike rollar i lokalt næringsliv. Kjell Fylkesnes er dagleg leiar av selskapet inntil vidare.

 

Spesialisering på sal av nye prosjekt

Selskapet ynskjer å markera seg som det beste eigedomsmeklarselskapet ved sal av nye bustadprosjekt. Hos Aktiv Sunnhordland AS skal kundane finna det beste utvalet av nye prosjekt og møta dei meklarane som skal ha dei mest nøgde kundane.  Det er allereie inngått ein kontrakt med utbyggjar og fleire er på gang. Fronta Bolig AS var det første selskapet som signerte avtale med Aktiv Sunnhordland AS. Det gjev ein god start for dei nye meklarane.

 

Samarbeide med Tysnes Sparebank

Aktiv Sunnhordland AS vil vera synleg på alle kontora til Tysnes Sparebank. Banken er i god vekst og aukar marknadsandelene i regionen. Ved å ha bank og meklarar som arbeider tett vil kundane lokalt få eit heilskapleg tilbod. Begge organisasjonane har som motto at ”kunden skal oppleva verdas mest personlege bank og meklar”.

 

Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det rettast til dagleg leiar Kjell Fylkesnes på telefon 90184040 (epost: kjell@kjellfylkesnes.no) eller banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 (epost dsa@tysnes-sparebank.no).

Stord, 9. oktober 2017  
 

Aktiv Sunnhordland AS

 

Kjell Fylkesnes

Dagleg leiar