- Først må du sjølvsagt spørje deg sjølv kva du skal bruke bilen til, og i kva prisklasse du vil leite. Deretter må du bruke dei «knepa» som fins for å gjera eit best mogeleg kjøp, seier kommunikasjonsrådgivar i NAF, Jan Ivar Engebretsen.

La forhandlarane kjempa om deg

- Start med å finna tre ulike bilar i riktig prisklasse og segment. Gå til dei ulike forhandlarane og sei som det er: At du er interessert i bilen, men at du òg ser på bilar hjå andre forhandlarar. Då ser du kven som er villige til å kutta prisen, seier Engebretsen.

Rådet gjeld også om du skal kjøpe nybil:

- Då er det vanskelegare å få avslag i pris, men du kan til gjengjeld få med meir ekstrautstyr, forklarer han.

Skal du kjøpe elbil? Spar pengar og miljø med Grønt billån

Kjøp ein bil som er to år gamal

Ny eller brukt? Når det gjeld kva som lønner seg reint økonomisk, er ikkje Engebretsen i tvil:

- Bilen fell mest i verdi dei første par-tre åra den er i bruk. Ein bil som er to år gamal er framleis ganske ny, rimelegare, og er venteleg ferdig med alle barnesjukdomar. Med dagens bilar har du framleis nybilgaranti òg, seier rådgivaren.

Nokre merke har så mykje som sju års nybilgaranti, noko som kan gjera kjøpet ekstra gunstig.

- Mange har ein bil i tre år før dei byter. Kjøp ein bil som er to år gamal, og sel den som femåring. Då har den framleis to år igjen av nybilgarantien, og du kan forvente å få ein grei pris, forklarer Engebretsen.

Forhandlar eller privat?

- Privat er billigare, forhandlar er tryggare. Det viktigaste er uansett at du les nøye gjennom serviceheftet og sjekkar at alt er på stell. Ta gjerne med deg nokon som har peiling på bil. For å væra heilt sikker kan du be om at bilen blir NAF-testa før de inngår ein avtale, seier Engebretsen og fortset:

- Når du har bestemt deg for å kjøpa bilen, er det ein ting du alltid må gjera. Sørg for at de skriv kjøpskontrakt. Då unngår du problem i ettertid, avsluttar han.

Billån innan 24 timar hos lokalbanken din

- Det er viktig å snakka om lån så tidleg i kjøpsprosessen som mogeleg. Sørg for at finansieringa er i orden før du inngår kjøpsavtalen, er rådet frå Anna-Karin Fransén i Eika kredittbank som handterar billån for lokalbanken.

I lokalbanken kan du søkje lån på nett og få svar innan 24 timar. Banken tek pant i bilen, og du kan signera alle dokument med BankID.

- Har du ikkje bestemt deg for ein spesifikk bil, kan du også søkje om lånebevis. Og er du usikker på noko, er det sjølvsagt berre å ta ein tur innom rådgivaren din i banken, seier Fransén.