Vellukka reparasjonsemisjon i Tysnes Sparebank

I løpet av november månad har eksisterande eigarar i Tysnes Sparebank investert nye 5,8 millionar kroner i banken på Tysnes. Det er 75 personar og bedrifter som no har investert i banken.  Teikningane er med atterhald om endeleg godkjenning frå Finanstilsynet.

 

”Det har vore ein overveldane interesse for å teikne eigenkapitalbevis i banken” seier banksjef Dag Sandstå.

 

Tilretteleggjar for emisjonen er meklarhuset Fondsfinans medan advokatfirma Selmer DA har stått for den juridiske bistanden.

 

Styrkjer eigenkapital og gjev større vekstkraft

Auken i eigenkapitalen i banken gjer at banken kan verta om lag 1 milliard større enn den er i dag. Det styrkjer bankens strategi om å vera ein frittståande lokalbank i regionen. Bankens konsept er at kunden skal oppleva ”verdas mest personlege bank”. Den lokale og nære banken er noko mange personar og bedrifter i regionen likar godt. Største auke i kundemassen er frå personkundar mellom 25 og 45 år.

 

«Det er overraskande at så mange yngre vel vårt bankkonsept» uttaler banksjefen.

 

Lokalbanken vert endå meir lokal

Der andre bankar legg ned har Tysnes Sparebank gått mot straumen og opna kontor. Etter suksessen med nytt kontor på Husnes satsar no banken endå meir på å vera tilstades i lokalsamfunna rundt om i regionen. I Rosendal opnar banken møteplass i desember, på Stord kjem nytt salskontor som opnar utpå nyåret. I tillegg har banken sikra seg lokale for å etablere ein møteplass i Odda.

 

Solid bank – tilbyr kundane det beste av to verdenar

Tysnes Sparebank er solid og har ei god utvikling. Det siste året har kundemassen auka med om lag 30 % - noko som gjev banken ein plass blant dei bankane i Noreg som aukar mest i marknadsandeler. Banken skal vera overlegen best på personleg rådgjeving samstundes som kunden skal ha tilbod på digitale løysingar til dei kundane som ynskjer å nytta den kanalen for kontakt.

 

Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 900 89 084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 29. november 2016

Dag Sandstå

Banksjef