Fredag 07. april blei det avholdt eksamen i bankens lokale på Våge. Rådgjevarar og økonomisjef stod til pers for å avlegge kunnskapsprøven i Kreditt for Autoriserte Finansielle Rådgjevar. Sidan 22. februar har kandidatane vært ein del av eit læringsløp fram mot denne dagen. Både på morgontimar, kveldstid og i helger har det blitt arbeida med kompendium og anna læringsmateriell, og det har i perioden blitt gjennomført gode diskusjonar internt. Og når dette kombinerast med eit høgt tempo i arbeidskvardagen elles så er det ekstra kjekt å kunne gratulere samtlege kanditatar med bestått kunnskapsprøve!

Kunnskapsprøven som blei avholdt er ein del av nye nasjonale ordninga "Autorisasjonsordninga i Kreditt". Frå før er Tysnes Sparebank tilslutta Autorisasjonsordninga for Finansielle Rådgjevarar (AFR) og Godkjenningsordninga for Skadeforsikring (GOS). Kompetansen i kredittvurdering har alltid vært høg i finansnæringa. Når denna no kan «stemplast» nasjonalt, er det med på å gje auka legitimitet, sikre forbrukerrettighetene i henhold til regelverka og gje både bedrifter og kandidater tydelige og like kompetansekrav. Gjennom desse ordningane pliktar banken seg til å sørge for at alle aktuelle medarbeidere dokumenterer sin kompetanse, at dei held denne oppdatert og at reglane for God rådgivningsskikk følges i samtaler med kunden.