Det vert invitert til valmøte for eigenkapitalbeviseigarane i Tysnes Sparebank

                               Onsdag 15. februar 2023 kl. 17:30

 i bankens lokaler på Våge, Tysnes. Det vert og høve til å delta via teams-møte.

Saksliste:

  1. Velkomen og registrering av frammøtte eigarar
  2. Val av møteleiar
  3. Val av 2 møtedeltakarar til å skrive under referat frå valmøte
  4. Val av 3 medlemmer til valkomité for eigenkapitalbeviseigarar
  5. Val av 1 varamedlem til valkomité for eigenkapitalbeviseigarar
  6. Val av leiar til valkomité for eigenkapitalbeviseigarar
  7. Val av nestleiar til valkomité for eigenkapitalbeviseigarar
  8. Eventuelt

Innleiingsvis vil banksjef Dag Sandstå gje ei orientering om Tysnes Sparebank.

Valkomiteen for eigenkapitalbeviseigarane si innstilling på kandidatar til valkomiteen for eigenkapitalbeviseigarar er vedlagt her.

Alle eigenkapitalbeviseigarar som er registrert i Verdipapirsentralen (VPS) på valdagen er røysteføre. Kvart eigenkapitalbevis gjev ei stemme på valmøtet. Avstemminga skjer skrifteleg dersom ikkje alle møtande samtykkjer i at avstemminga skjer på ein annan måte. Den eller dei som får flest stemmer er valt. I tilfelle av likt antal stemmer vert det loddtrekning.

Vi ber om tilbakemelding på di deltaking innan laurdag 11. februar 2023 til Britt Ersvær på telefon 95 28 43 06 eller per e-post til ber@tysnes-sparebank.no.

Dersom du møter med fullmakt, må vedlagte fullmakt returnerast i underskriven stand og vera motteke i banken innan laurdag 11. februar 2023.

Fullmakta finn du her. 

 

Med helsing

Tysnes Sparebank

 

Reidun Myklebust (sign.)

Leiar forstanderskapet