Innskytarane skal på møtet velje medlemmer og varamedlemmer til forstandarskapet i Tysnes Sparebank:

Onsdag 15. februar 2023, kl. 14.00 i bankens lokale på Våge.

Røyste- og valføre er myndige innskytarar, som dei siste 6 månader har hatt og framleis har eit minsteinnskot på kr 2.500 i sparebanken. Den same retten har og verje for umyndige med liknande innskot.

Alle som er valføre er pliktig til å ta imot val som medlem eller varamedlem, med mindre vedkomande har gjort teneste som medlem i forstandarskapet, styret eller kontrollkomiteen i sparebanken i minst ein valperiode.

Etter vedtektene § 3-3 skal det vere val av 3 forstandarar og 2 vara medlem til banken sitt forstandarskap.

Forstandarane og varamedlemmene skal veljast for 4 år.

Liste over medlemer og varamedlemer i forstandarskapet, der det går fram kven som står på val i år, er lagt fram i banken og på banken si heimeside (sjå lengre nede).

Røysteføre innskytarar kan koma med forslag til kandidatar.

Forslaga må vera sendt til banken innan 20. januar 2023 med kandidaten sitt namn, fødselsdato, yrke og fullstendig adresse. Valkomiteen utarbeider på grunnlag av innkomne forslag og eigne vurderingar ei valliste som vert lagt ut i banklokale og på heimesida til banken seinast 14 dagar før valmøte. Forslag kan sendast til ber@tysnes-sparebank.no eller leverast/sendast til banken.

Instruks om innskytarane sitt val til forstandarskapet er utlagt i banken sine lokalar.

Vedlegg til innskytervalmøte finn du her.

Innstilling frå valkomiteen finn du her. 

TYSNES SPAREBANKS FORSTANDARSKAP
11. januar 2023
Reidun Myklebust(sign)
Leiar