Heile 4,4 mill. kroner i resultatframgang

Den lokale sparebanken i Sunnhordland går svært godt.  Driftsresultatet før skatt er på heile 29,8 mill.kr., ei solid forbedring samanlikna med same tid i 2021 då tilsvarande resultat var 25,4 mill. kr.

 Årsaken til resultatforbedringen er at banken har auka inntektene og redusert kostnadene samanlikna med 3. kvartal i 2021.

«Banken har eit solid fundament for å kunne møte framtida som ein sjølvstendig lokalbank i Sunnhordland. Den gode utviklinga er eit resultat av at mange kundar ynskjer å ha ein lokal bank i ryggen når tidene er usikre. Dei finn tryggleik i å ha ein lokalbank som er nær og dyktig » seier banksjef Dag Sandstå.

 

Reduserte kostnader

Banken har stort fokus på å halde driftskostnadene så låge som mogeleg.

 «Vi har bestemt oss for å skifte dataleverandør frå ein dansk leverandør til norsk/finske TietoEvry. Dette vil skje i februar 2023, og på sikt skal denne endringa resultere i vesentleg lågare datakostnader enn tidlegare år» uttaler banksjefen.

 

Moderat vekst i utlån, stor vekst i innskot

Banken har hatt ein moderat vekst i utlån til både privatpersonar og bedrifter. Det har vore ein strategi banken har valgt for å sikre god soliditet med tanke på åra som kjem.

 Innskot i banken har vist ein stor auke dei siste 12 månadene, og er no på heile 6 %.

 

Framtidsutsikter

Banken ser at det er krevjande å vita korleis utviklinga vert utover vinteren og våren 2023. Derfor har banken innført tiltak for å sikre at problem hos våre kundar vert avdekt i ein så tidleg fase som mogeleg slik at ein kan finna løysingar som er bra for både kunden og banken.

 Banken er godt førebudd på ulike framtidsscenarier, og vil fylgja utviklinga tett for å tidleg kunna ta naudsynte avgjerder til det beste for alle partar.

 

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 15. november 2022

Dag Sandstå

Banksjef