Held bustadrenta uendra

Tysnes Sparebank vil ikkje auke renta på bustadlån til trass for at styringsrenta har stige med 0,25 prosentpoeng.

«Den lokale banken går bra og det er gledeleg å ha ein så positivt bodskap til våre trufaste kundar» seier banksjef Dag Sandstå.

Den lokale banken som har kontor rundt om i Sunnhordland og på Lagunen i Bergen har god vekst og driv.

 

Økonomien tar seg opp

Når Noregs Bank aukar styringsrenta er det eit teikn på at økonomien betrar seg.

«Vi ser ei tydeleg betring også lokalt. Aktiviteten har teke seg godt opp i bransjar som var sterkt råka av panedemien» uttaler banksjefen.

 

Tysnes Sparebank aukar staben på Våge

For å møte nye utfordringar og nye krav frå myndigheitene har banken fått ny leiar for risikostyring og compliance. Elin Veland starta 1. oktober i stilllingen. Ho har solid bakgrunn frå ulike administrative rollar i S’Banken i Bergen. Elin buset seg på Reksteren i Tysnes kommune.

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

 

Tysnes, 4. oktober 2021

 

Dag Sandstå

Banksjef