God bankdrift

Bankens resultat før skatt er på 26,1 millionar kroner ved kvartalsskiftet. Dette er 2,7 millionar kroner lågare samanlikna med tredje kvartal 2019. Ser ein på bankens resultat før tap er resultatet på 33,5 millionar kroner, 3,2 millionar kroner betre enn i fjor. Bankdrifta er fortsatt god, men banken har gjort ekstra tapsavsetjingar relatert til uvissa knytt til Covid 19-situasjonen.

 

Stor pågang av nye kundar

Banken har stor pågang av kundar som ynskjer å møte bankmedarbeidarar som er lokale og kjenner kunden sin situasjon. Lokalbank-konseptet vert sett stor pris på av kundane. Samla 12 månaders utlånsvekst er om lag 5 prosent.

 

Fallande kostnadsnivå

Bankens driftskostnadar er på nivå med fjoråret, totalt 26,6 millionar kroner. Bankens kostnadsnivå har vore fallande over fleire år som fylgje av solid vekst og kostnadseffektivisering. Bankens kostnadsprosent er 46 ved kvartalsskiftet.

 

Covid-19 situasjonen – forventningar framover

Banken vurderer situasjonen i samband med Covid-19 viruset som usikker. Det er fleire verksemder som har fått støtte frå dei offentlege tiltakspakkane kombinert med tiltak frå banken. Dette har vore med å hjelpe verksemdene i den første fasen av krisa.

«Vi vil nok ikkje sjå den endelege effekten av covid-19 situasjonen før sommaren 2021» uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

Tysnes, 12. november 2020

Dag Sandstå

Banksjef