Denne saka har vært på TV2-nyheitene. Artikkelen og opptaket finn du her. 

 

Spanderer middag på alle tysnesingar over 70 år

Tysnes Sparebank vil saman med Haaheim Gaard spandere middag på alle tysnesingar over 70 år.

 

«Tysnes Sparebank og Haaheim Gaard vil på denne måten gje alle eldre tysnesingar eit lysglimt i ei tid med mykje uro og negative nyhende i samband med Korona-virus-utbrotet» uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

Ei positiv nyhende i ei tid med mykje negativt informasjon

Det er viktig at vi alle tek vare på kvarandre i denne tida. Mange eldre vert einsame og får vanskar på ulike vis. På denne måten ynskjer Tysnes Sparebank saman med Haaheim Gaard å gje noko til dei eldre på Tysnes, noko vi vonar vil vera eit lyspunkt i kvardagen.

 

Lammeskank og dessert

Dei av tysnesingane som er over 70 år kan kontakta Haaheim Gaard på telefon 904 72 920

for å tinga middag levert på døra heime hos den enkelte. Den enkelte oppgjer navn og fødselsdato for å identifisere seg. Middagen vert så levert i miljøvenleg eingongsemballasje, som gjer det enkelt å varme maten, samstundes som den gode kvaliteten vert oppretthalden. Risikoen for smitteoverføring på dette viset er svært låg.

 

Haaheim Gaard startar cateringsverksemd

Det er utfordrane tider for oss alle, spesielt for reiselivsverksemder som har fått mange kanselleringar og dermed går usikre tider i møte. Haaheim Gaard har snudd seg rundt og ser nye mogelegheiter til tross for mørke skyer i horisonten. For å kunne halde ope kjøkken og restaurant har hotellet opna for å levere mat heim til folk, i staden for at folk skal kome til Haaheim Gaard for å ete lunch eller middag.

 

«Haaheim Gaard er eit av fleire fyrtårn på Tysnes. Vi er imponerte over at Haaheim Gaard klarer å sjå nye forretningsmodellar i ei tid med mykje negativt fokus» uttaler banksjef Dag Sandstå.

  

Er det spørsmål til pressemeldinga ta kontakt med underteikna på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.

  

Tysnes, 24. mars 2020

 

Dag Sandstå

Banksjef