Den lokale frittståande sparebanken i Sunnhordland oppnådde eit resultat før skatt på 31,2 millionar kroner. Det er heile 8,4 millionar kroner betre enn tilsvarande resultat for året 2017.

Styret godkjende årsrekneskapet med positiv tilråding til forstanderskapet sitt møte 27. februar 2019. Det er forstanderskapet som er bankens øverste organ.

 

Dette resultatet gjev ei avkastning på eigenkapitalen på 9,2 %.

 

Det er forstanderskapet som vedtar endeleg utbytte til eigarane.

  

Banken veks i heile Sunnhordland

Dei nye kontora som er etablert på Husnes, Stord og i Laguneparken sør for Bergen, har ei svært god utvikling, saman med at hovudkontoret i Våge på Tysnes har ein stor auke i antal kundar.

 

«Vi er svært glade for den utviklinga banken har, det å vera personleg og nær kundane samstundes som kunden får moderne digitale løysingar, er eit konsept som har vorte godt motteke i alle aldersgrupper» seier banksjef Dag Sandstå.

  

Populære eigenkapitalbevis

Banken har i dag om lag 290 personar og verksemder som eig i banken. Alle emisjonane som er gjort dei siste åra har vore overteikna. Det er Merkur Market, ein marknadsplass under Oslo Børs, som omset eigenkapitalbevisa til Tysnes Sparebank. Her kan eigarane så langt gleda seg over at det har vore ein solid verdiauka på eigenkapitalbevisa.

  

Det går godt i Sunnhordlandsregionen

Det er god aktivitet i heile Sunnhordlandsregionen med aukande sysselsetjing.

 

«Banken har god tru på at den positive utviklinga i vår region vil halde fram, det er derfor med optimisme vi ser fram til utviklinga dei komande åra» seier banksjefen.

  

Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag Sandstå (telefon 90089084 el epost dsa@tysnes-sparebank.no) eller økonomisjef Karoline Dalen (telefon 975 48 996 el epost kda@tysnes-sparebank.no).

  

Tysnes, 14. februar 2019

  

Dag Sandstå                                                             

Banksjef