Finansrådgjevar for privatmarknaden

  • Kjenner du lokalsamfunnet ditt, er glad i folk og vert motivert av å yte
    kortreist rådgiving og skape dei gode kundeopplevingane?
  • Likar du å ha mange ballar i lufta, samt vere med å påverke kvar dei landar?
  • Er du framoverlent, tek initiativ og likar å jobbe sjølvstendig samtidig som
    du evnar å vere ein del av eit team?
  • Har du evne til å sjå dei store linjene samtidig som du har auga for dei små
    detaljane som sikrar kvalitet og framdrift i ein hektisk arbeidskvardag?

Me byr på:

  • Eit framoverlent og engasjert arbeidsmiljø der utvikling, vekst og
    kunden står i fokus.
  • Ein fleksibel arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver og høve
    til stort læringsutbyte.
  • Høve til å vere med å påverke utviklinga til lokalbanken i Sunnhordland.
  • Konkurransedyktige vilkår og personalordningar.

Det er ein fordel om du har erfaring frå bransjen og nødvendige autorisasjonar (AFR).
Anna kompetanse vert vurdert, men du må ta nødvendige autorisasjonar som ein del av opplæringa.

Utdanning, erfaring og personleg dugleik vert vektlagt.

Søknad med CV sendes på mail til:

ber@tysnes-sparebank.no innan 10.08.2022

For nærare informasjon om stillinga kontakt leiar personmarknad Siren Simonnes 901 76 272 eller banksjef Dag Sandstå 900 89 084

 

Marknads -og berekraftsansvarleg

  • Kjenner du lokalsamfunnet ditt, er glad i folk og vert motivert av lokal verdiskaping?
  • Likar du å ha mange ballar i lufta, samt vere med å påverke kvar dei landar?
  • Er du framoverlent, ambisiøs, tek initiativ og likar å jobbe sjølvstendig samtidig som du evnar å vere ein del av eit team?
  • Har du evne til å sjå dei store linjene samtidig som du har auga for dei små detaljane som sikrar kvalitet og framdrift i ein hektisk arbeidskvardag?

Tysnes Sparebank er stolt samfunnsaktør og ynskjer å styrke arbeidet for ei berekraftig framtid for regionen. Samtidig har me ambisjonar om å ta ein endå sterkare og tydeleg posisjon som den einaste frittståande lokale sparebanken i Sunnhordland.

Til å hjelpe oss med dette arbeidet søkjer me no rett person til ei spanande og ny rolle som marknads- og berekraftsansvarleg i banken.

Arbeidsoppgåver:

  • Utarbeide marknadsstrategi og årlege marknadsplanar i samarbeid med bankleiinga, samt ha ha ansvar for oppfølging og gjennomføring. I rolla inngår samarbeid med Eika i høve marknadskampanjar, ha ansvar for bankens heimeside, sosiale medier, kundearrangement og andre marknadsrelaterte tiltak.
  • Utarbeide strategi for bankens arbeid med berekraft i samarbeid med bankleiinga, samt ha ansvar for implementering og oppfølging av denne.
  • Andre spanande oppgåver kan bli tillagt stillinga ut frå din kompetanse og interesse, samt bankens behov.

Me byr på:

  • Eit framoverlent og engasjert arbeidsmiljø der utvikling, vekst og dei gode kundeopplevingane står i fokus.
  • Ein fleksibel arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver og høve til stort læringsutbyte.
  • Høve til å vere med å påverke utviklinga til lokalbanken i Sunnhordland.
  • Konkurransedyktige vilkår og personalordningar.

Arbeidsstad er fleksibel. Me har kontor på Husnes, Stord og Tysnes. Det vert naturleg å pårekne noko reising mellom kontora.
Det er ein fordel om du har relevant utdanning og kan vise til erfaring med tilsvarande arbeid. Du bør ha god kompetanse på sosiale media.

Utdanning, erfaring og personleg dugleik vert vektlagt.

Søknad med CV sendes på mail til:

ber@tysnes-sparebank.no innan 10.08.2022

For nærare informasjon om stillinga kontakt leiar personmarknad Siren Simonnes 901 76 272 eller banksjef Dag Sandstå 900 89 084