• Innskotspensjon 7 %: Arbeidsgjevarar i privat sektor er pålagde å tilby ein pensjonsavtale til dei tilsette. (lov om obligatorisk tjenestepensjon). Minimum 2 % sparing av løn. Maks 7 %. (+ 18,1 % for løn mellom 7,1 G og 12 G). Undersøkingar viser at ein god pensjonsavtale er viktig for å tiltrekkje og halde på tilsette i konkurranseutsette næringar.
  • Innskotsfritak med regulering: Innskotsfritak sørgjer for at pensjonssparinga held fram sjølv om den tilsette blir sjuk og seinare arbeidsufør. Blir regulert årleg for å sikre kjøpekrafta av pensjonen fram mot uttakstidspunktet.
  • Uførepensjon (ved langvarig arbeidsuførleik): Uførepensjon sørgjer for månadlege utbetalingar til den tilsette på toppen av uføretrygda frå folketrygda. Sikrar inntekta opp til om lag 70 % av løn ved både mellombels og varig arbeidsuførleik.
  • Yrkesskadeforsikring (lovpålagd): Lov om yrkesskader sikrar at tilsette som skader seg på jobb, får erstatning ved arbeidsuførleik, medisinsk invaliditet og påførte og framtidige meirutgifter. Det blir også gjeve erstatning til ektefelle/sambuar, og til barn, dersom ein tilsett døyr.
  • Medisinsk invaliditet 0–15 %: Handverkarar og andre som er særleg avhengige av hender for å utøve arbeidet sitt, blir tilrådde å kjøpe forsikring for medisinsk invaliditet under 15 %.
  • Anna ulykke fritid: Dersom ulykka skjer i fritida, kan det bli utbetalt erstatning ved arbeidsuførleik, medisinsk invaliditet, påførte og framtidige meirutgifter, og dersom den tilsette døyr.
  • Helseforsikring: Garantert behandling innan 10 yrkedagar for helseplager som er omfatta av helseforsikringa. Den tilsette slepp lang sjukemelding og er raskare tilbake i jobb og til ein aktiv kvardag. Helseforsikringa gjev rett til behandlingsmetodar som er godkjende gjennom det norske offentleg finansierte helsevesenet.
  • Gruppelivsforsikring: Gruppeliv gjev erstatning til etterlatne dersom ein tilsett døyr, uavhengig av om dødsfallet kjem av ei ulykke eller ein sjukdom, om det skjer på arbeid eller i fritida.
  • Annan sjukdom enn yrkessjukdom: Annan sjukdom gjev erstatning til den tilsette dersom vedkomande blir varig arbeidsufør, og/eller blir varig medisinsk invalid.