
Innskytervalgmote
Innskytarane skal på møtet velje medlemmer og varamedlemmer til generalforsamlinga i den samanslåtte banken i fusjonen mellom Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank
Fredag 27. juni 2025, kl. 14.00 i bankens lokale på Våge.
Røyste- og valføre er myndige innskytarar, som dei siste 6 månader har hatt og framleis har eit minsteinnskot på kr 2.500 i sparebanken. Den same retten har og verje for umyndige med liknande innskot.
Alle som er valføre er pliktig til å ta imot val som medlem eller varamedlem, med mindre vedkomande har gjort teneste som medlem i forstandarskapet, styret eller kontrollkomiteen i sparebanken i minst ein valperiode.
Ved første gangs val skal innskytarane i Tysnes Sparebank, velje 3 forstandarar og 2 varamedlemmer til generalforsamlinga i den samanslåtte banken.
Forstandarane og varamedlemmene skal veljast for 4 år.
Røysteføre innskytarar kan koma med forslag til kandidatar.
Forslaga må vera sendt til banken innan 10. juni 2025 med kandidaten sitt namn, fødselsdato, yrke og fullstendig adresse. Valkomiteen utarbeider på grunnlag av innkomne forslag og eigne vurderingar ei valliste som vert lagt ut i banklokale og på heimesida til banken seinast 14 dagar før valmøte. Forslag kan sendast til ber@tysnes-sparebank.no eller leverast/sendast til banken.
Instruks om innskytarane sitt val til forstandarskapet er utlagt i banken sine lokalar.
TYSNES SPAREBANKS FORSTANDARSKAP
27. mai 2025
Reidun Myklebust(sign)
Leiar