
Fusjonsplan for Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank er endelig vedtatt
Styret i Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank vedtok 4. mars 2025 ein ny og justert plan for sammenslåing av bankane (fusjonsplan). Den opprinnelege fusjonsplanen inngått den 2. november 2023 gjeld med dei endringar som fremgår av fusjonsplanen av 4. mars 2025.
Målet vårt med fusjonen er at me saman skal styrka konkurransekrafta vår til fordel for alle kundane våre. Samanslåinga gjer oss endå betre rusta til å kunne tilby gode tenester og løysingar for kundane, i tillegg til at me har endå større kraft til å støtta opp om utviklinga i næringslivet i lokalområdet. Me har stor tru på at den samanslåtte banken, som vil dekka heile markedsområdet på Haugalandet og i Sunnhordland, vil vera ein robust og attraktiv bank for kundar i heile regionen.
Kva betyr samanslåinga for deg som kunde?
Rådgjevarane og banken vil vera den same, og lokalkontora vert oppretthaldt.
- Hos oss treff du fortsatt eit menneske når du treng det, og du vil fortsatt treffe den rådgjevaren du kjenner i banken, seier Wenche Vik Thorson, konstituert banksjef i Tysnes Sparebank.
Kundene vil bli godt ivaretatt og orientert om alle endringar i god tid.
Den samanslåtte banken vil få 12 kontor spredt utover Haugalandet og Sunnhordland.
Kva betyr samanslåinga for lokalmiljøet?
Begge bankane har lange tradisjonar med å dele ut gåver til gode tiltak og aktivitetar. Ein større og meir robust bank gjer oss endå betre i stand til å gje tilbake til lokalsamfunna gjennom gåver og tildelingar, også i framtida.
I samband med samanslåinga opprettar vi Sparebankstiftinga Tysnes, som vil eiga eigenkapitalbevis i den samanslåtte banken. Utbyttet skal brukast til allmennyttige føremål i vårt nærområde, noko som gjer oss endå betre rusta til å støtta det fantastiske arbeidet som blir gjort i lokale lag og foreningar.
Bankane sine sponsoravtalar på Haugalandet og i Sunnhordland vert vidareført etter samanslåinga. Saman med samarbeidspartnarane våre skal me fortsette å skapa glede, engasjement, samhold og utvikling!
Tidsplan
Planen er at me skal fusjonere i løpet av hausten 2025. Dette forutsetter godkjenning i Tysnes Sparebank sitt forstandarskap og i Haugesund Sparebank sin generalforsamling 10. april 2025, og Finanstilsynets tillatelse.
No gledar me oss til å ta fatt på fusjonsprosessen mot å bli éin bank!
