Ein skade kan fort oppstå og for deg som er hunde- eller katteigar. Vi har samla noko gode råd og tips som både du og den firbeinete vennen din vil setje pris på.

Situasjonsbestemde tips og råd

  • Dersom det oppstår slagsmål
    Anbefaler vi deg og avlede situasjonen. Ikkje prøv å avbryt slagsmålet med dine eigne hender eller kropp, då dette kan føre til at du sjølv blir alvorleg skadd. Veterinær skal kontaktast umiddelbart dersom det har oppstått kraftige blødingar eller dyret har vanskar med å stå eller gå.
  • Ete noko annan ein mat
    Gjenstandar som hanskar, plastposar og leikar kan fort føre til skadar i tarmen og du må då ta kontakt med veterinær. Dersom du mistenkjer at hunden eller katten din har ete noko som kan vere giftig, er eit godt tips og ta vare på emballasjen når du reiser til dyrlegen slik at rask og riktig behandling blir gitt.
  • Oppkast eller diarè
    Ved magesmerter er det viktig med ro og kvile. Gode råd som blir tilrådde er korte gåturer og liten kontakt med andre hundar eller kattar. Som hunde- og katteigar kan du også gå til innkjøp av elektrolyttar hos veterinæren for å erstatte saltar som kroppen har mist.
  • Utslett og eksem
    Dersom du oppdagar eksem eller utslett kan du gjerne freiste å sjamponere med ein sjampo som inneheld klorheksidin. Set gjerne på ein krage, slik at utslettet ikkje blir slikka på. Du bør vurdere å kontakte veterinær dersom utslettet ikkje forsvinn eller blir verre.
  • Halthet og beinbrot
    Når hunden eller katten din har store smerter og beinbrotet er synleg skal du ta kontakt med veterinær med ein gong. Forsøk gjerne å stabilisere brotet med bandasje før du reiser til dyrlegen. Dersom det ikkje er behov for akutt hjelp, kan du freiste å kjenne på beinetet. Gode råd er å ta på huda og klem på beina, både rundt ledda og på musklane.

Kjelde: Firstvet