I banken set vi deg i sentrum. Vår mobilbank er laga for dine behov og ønskjer. Anten det er ferske oppdateringar eller funksjonar du ikkje har prøvd enno, gir vi deg ein enklare bankkvardag. Utforsk moglegheitene i mobilbanken vår.
Du får no ein klarare oversikt over korta dine, sorterte og grupperte for betre innsikt. Detaljsidene for korta er straumlinjeforma for å gi deg enklare tilgang til hovudfunksjonar og innstillingar – alt for ein smidigare kvardag.
Nynorsk eller bokmål som målform? Dette vel du enkelt sjølv under Profil og innstillingar.
Gje ein du stolar på tilgang til å betale, overføre pengar og administrere kontoen din. Ganske lurt om de ynskjer å ha ein regningskonto saman. Du finn funksjonaliteten på kontodetaljar-sida.
Kontakt oss enkelt og trygt via mobilbanken når det passar deg.
Del eFaktura med andre kundar i banken, slik at dei kan sjå og betale eFaktura som er sendt til deg.
Sett regningskonto som fast betalingskonto for eFaktura, så slipper du å endre hver gang.
Har du sakna å kunne betale til utlandet frå mobilbanken? No er det mogleg til dei fleste landa i verda.
Sjå kva du har att på konto etter at alle rekningar er betalte.
Har du lån? Då finn du ein oversiktleg nedbetalingsplan på detaljsida til lånet.
Hent kortnummer, utløpsdato og CVC/CVV kode i mobilbanken. Nyttig når du skal handle på nett.
Treng du ein ny bruks- eller sparekonto, kan du enkelt opprette det frå kontosida i mobilbanken.
Vel korleis kredittkortet skal visast. Trykk på blyanten og vel «Endre vising og rekkjefølgje på kontoar».
Valutakalkulatoren hjelper deg med å rekne ut kursen. Du finn han på kortsida i mobilbanken.
Frå framsida finn du enkelt alle dine framtidige betalingar samla på tvers av kontoar.
Sjå kor mykje du har spart og kor mykje meir du kan spare på BSU-kontoen din.
No kan du fremskunde ei framtidig betaling. Vel "betal no" for å endre til dagens dato.