Sommarferien er rett rundt hjørnet, og vi veit at mange allereie drøymer om lange, solfylte dagar heime eller i sørlige strøk. Å halde feriebudsjettet i sjakk kan vere ei utfordring i år med generell auke i prisane og ein svak norsk krone på valutamarknaden. For å hjelpe deg med å få mest mogleg ut av sommaren din, har vi sett saman ein spennande sommarkampanje med fleire gode rabattar.

I perioden 15. juni - 15. august får du følgjande rabattar når du brukar ditt Eika Kredittkort:

🍽️ 2 % rabatt på spisestader og takeaway i utlandet når du betalar i lokalvaluta. Rabatten gjeld alle spisestader registrert med bransjekodar 5812 og 5814.

Betal alltid i lokal valuta når du er i utlandet. Les meir om kvifor det løner seg her.

🎠 5 % rabatt på fornøyelsesparkar, turistattraksjonar, museum, tivoli, badeland og akvarium i Noreg og i utlandet. Rabatten gjeld på alle stader registrert med bransjekodar 7991, 7996, 7998, 7999.

Hugs at du må vere påmeldt fordelsprogrammet for å få rabatten.

Gode faste fordelar gjennom heile sommaren
Sjølv om vi fokuserer på ei rekkje nye spennande rabattar i sommar, held vi fram med å gje deg dei faste sparingane du får med kortet:

🛒 2 % rabatt på daglegvarehandel kvar laurdag
🚆 2 % rabatt på kollektivtransport når du ferierer i Noreg. Denne får du også i utlandet utanom kampanjeperioden.

Det viktige med den lille skrifta
Alle brukarstader er registrert med ein bransjekode i Visa sitt nettverk. Dette for å tydeleggjere kva kategori brukarstaden høyrer til. Vi står ikkje ansvarleg for eventuelle feilregistreringar som fører til uteblitt rabatt. Det vil ikkje bli utbetalt rabatt på kjøp som fell inn under andre bransjekodar.

Du kan maksimalt opptene kr 500 i rabatt per månad, og kr 2.500 per år. Beløpsgrensene omfattar alle rabattkampanjar i løpet av året.

Når blir rabatten utbetalt?
Rabatten blir utbetalt automatisk til ditt Eika Kredittkort månaden etter at kjøpet er gjort. Sjå etter «Eika rabatt» i transaksjonsoversikten i mobil- og nettbanken eller på den månadlege fakturaen din, så får du vite kva du har spart. Hugs at det alltid løner seg å betale heile fakturaen ved forfall.

Ennå ikkje fått kredittkort frå oss?
Det er ikkje for seint å søke og få gode rabattar i tida framover.