Viktige datoar
-
15.02: Betalingar til utlandetFrist for å utføre betalingar til utlandet er onsdag 15.02 kl. 08:00. Betalingar som er lagde med forfall etter denne dato, må leggjast inn på nytt etter 20.02.
-
16.02: Frist for innsending i direkte bankintegrasjon og betalingar til forfallDu treng ikkje gjere nokon endringar på di side i samband med oppgraderinga vår. Dette blir handtert av banken og ERP-leverandøren. Løysinga for direkte bankintegrasjon vil vere utilgjengeleg i perioden torsdag 16.02 kl. 14.00 til måndag 20.02 kl. 08.00. Du kan ikkje sende inn betalingar med forfall etter torsdag 16.02 via dagens system. Desse betalingane blir ikkje utførte, og må sendast inn på nytt etter måndag 20.02.
Unnataket er dersom du nyttar eit Visma system. Her vil betalingane med forfall etter 16.2. bli halde tilbake av Visma, og sendt til bank fyrst etter migrering.
-
16.02: Frist for betalingar til forfallSender du betalingar på fil i nettbanken, er det viktig at kritiske betalingar blir gjorde før torsdag 16.02 kl. 14.00. Du kan ikkje sende inn betalingar med forfall etter torsdag 16.02 via dagens system. Desse betalingane blir ikkje utførte, og må sendast inn på nytt etter måndag 21.02.
-
16.02: Frist for lønskøyringDet vil ikkje vere mogleg å betale ut løn i perioden 16.02 – 21.02. Absolutt siste frist for lønskøyring er 16.02 kl. 14. Dersom det er planlagt lønsutbetalingar i den nemnde perioden, må dette gjerast i forkant av denne fristen.
-
17.02 Alle filer som ligg under valet «Hent filer», i nettbanken i dag, må lastast ned.Historiske filer som du i dag finn i nettbanken, vil ikkje vere tilgjengelege i den nye nettbanken. Pass derfor på at du har lasta ned alle filene du treng til avrekningsretur og innbetalingsfiler for oppdatering av rekneskapen.
-
17.02: Bankavstemming
Kundar som hentar bankavstemmingsfiler i nettbank bedrift, må lage og hente ut filer for transaksjonar som er gjorde fram til 17.02, før nettbanken stengjer fredag 17.02 kl. 14.00.
I ny nettbank bedrift vil det berre vere mogleg å lage bankavstemmingsfiler for transaksjonar frå 21.02 utover. Kundar med direkte bankintegrasjon får filene sine levert dagleg og treng ikkje gjere noko.
-
16.02 - 20.02: Administrere AvtaleGiroDet er ikkje mogleg å gjere endringar eller opprette AvtaleGiro i perioden 16.02 til 20.02. AvtaleGiro som er godkjend og ligg til forfall, treng du ikkje tenkje på, men du kan ikkje gjere endringar på avtalar, slette avtalen eller opprette nye i perioden.