Dette er byggjelån
Skal bedrifta di byggje nytt eller gå i gang med eit større rehabiliteringsprosjekt? Då kan det vere fornuftig å søkje om byggjelån hjå oss.
Byggjelånet blir etablert som ei låneramme, og blir utbetalt etter kvart som byggjekostnadene kjem på i prosjektet.
Utbetalingane skjer etter avtale og løpande kontakt med rådgivaren din i banken. Byggjelån er gunstig for å finansiere byggjeprosjekt ettersom du berre betaler renter av det du faktisk har brukt av låneramma. Når byggjeperioden er ferdig, blir byggjelånet gjort om til eit langsiktig lån eller gjort opp dersom ein sel eigedomen.