BSU-konto er ei spareordning for ungdom som gjev tilgang til sparing med skattefrådrag og samtidig rett til bustadlån dersom du kan dokumentere økonomisk evne til å betale renter og avdrag.
BSU-ordninga er utvida frå og med 2009, med maksimalt årleg sparebeløp 20.000 kroner, og maksimalt samla innbetalt sparebeløp til 150.000 kroner.
Desse beløpsendringane gjeld ikkje berre nye BSU-avtalar, men også tidlegare inngåtte avtalar. Dersom frådragsretten etter ein tidlegare avtale er opphøyrt av andre grunnar, til dømes alder eller disponering av kontoen, vil dei nye beløpsgrensene vera utan betydning. For øvrig er det ingen andre endringar i BSU-reglane.
Ta kontakt med oss for å finna ut kor mykje du kan låna slik at du framleis har noko att å leva av.
Les meir om BSU!