Hopp til innhold

Nettbank Privat / Bedrift

Oppleve du treg nettbank? 

Om du synes det går tregt å logga deg på nettbanken - det kjem opp ei grå rute - så er det truleg Java som er problemet. 

Om du allereie har Java på maskinen din, fjerne Java frå maskinen og laste det ned igjen.

Ver merksam på at dersom du bruker ein PC/Mac på jobb, kan det hende at du ikkje har tilgang til å gjera dette.

Java fjernast ved å gå på "Innstillinger/Kontrollpanel" - "Legg til /fjern programmer" - Merk "Java Runtime Environment" og fjern.

Ny Java-versjon finn du på www.java.com, og der vel du "Manual download". Her oppleve ein ofte at "Offline Installation" fungerer best.

Mange maskiner må restartast etter nedlasting for å aktivisere Java.

På nokre maskiner (eks XP), må Java aktiviserast før det fungerer, sjølv om det allereie ligg på maskinen. Dette vert gjort ved å gå på "Start" - "Kontrollpanel" - "Legg til /fjern programmer" - merk "Java Runtime Environment" - Trykk "Endre" og gå så videre.

Dersom dette ikkje er til hjelp, ring supporttelefon 03850 - val 1 for nettbank.

nettbank