Årets kundetilfredsundersøking av banken sine kundar vert sett i gong frå 2.januar 2012.
Enkelte av kundane våre vil difor i løpet av tida som kjem bli ringt opp av innsamlingsbyrået Norstat.
Hensikta med undersøkinga er å finna ut kva me kan gjera betre for å tilfredsstilla kundane våre.
Undersøkinga er anonym, noko som inneber at me ikkje kan identifisera kven som har svart eller kva den einskilde har svart.
Analysane av resultata vil bli gjennomført av Norsk Kundebarometer ved Handelshøyskolen BI.
Tilbakemeldingane dine er svært viktige for oss, så me set stor pris på om du tek deg tid til å svara på spørsmåla om du vert oppringt.
På førehand takk!