Hopp til innhold

Nettbank Privat / Bedrift

Historien om Tysnes Sparebank 

Tysnesingane sin bank i snart 150 år! 

Tysnes Sparebank hadde fyrste kontordagen den 10. august 1863 i privathuset til landhandlar og ordførar H.O.Hermandsen, mannen som var drivkrafta bak opprettinga av banken. Det innbetalte grunnfondet var på 496 spd. 60 sk.

I nesten 20 år hadde banken kontor her, før den flytta inn i tinghuset i Gjersvik. Då dette, etter mykje bygdestrid i 1910, flytta til Myklestad flytta banken med. Fyrst i 1959 fekk banken sitt eige bygg. Sjølv om dette var eit flott bygg i den tid, vart det med åra forlite, og i 1987 flytta banken inn i sine noverande lokaler.

Som fylgje av bygdestriden med flytting av både bank og tinghus frå Våge-sokna til Uggdal-sokna, vart Tysnes Privatbank AS stifta i 1910 i Våge. Denne forretningsbanken eksisterte i nokså nær 50 år, til den vart overteken av Tysnes Sparebank i 1960. I 1986 opna ein også filial i Lunde Senter.

I 2010 valde ein å samlokalisera banken i eitt bygg i Våge. Dette for å stå best mogleg rusta til å møta nye utfordringar i framtida.

I tillegg køyrer bankbilen rute til Lunde, Onarheim og Reksteren.

Målet vårt er at Tysnes Sparebank skal vera ein god lokalbank for Tysnes-samfunnet og for utflytta tysnesingar.
Historie frå 1863