- Sørg for gyldig og dekkande reiserforsikring. Me kan tilby reiseforsikring frå Terra Forsikring.
- Registrer alle dei norske betalingskorta dine i NettBank. Då kan du sperra alle kort samstundes ved å ringja
+ 47 03850.
- Husk å ta naudsynte vaksiner i god tid før reisa.
- Husk Europeisk Helsetrygd kort dersom du reiser i Europa. Bestill på
www.nav.no.
- Ta med ekstra skift med klede i handbagasjen i tilfelle bagasjen vert borte eller forsinka.
- Eit lite reiseapotek med plaster, bandasje, kompresser, desinfiserende middel, myggmiddel, termometer og smertestillande.
- Eventuelle faste medisiner.
- Ver nøye med hygienen.
- Kokt, steikt og skrella mat er minst smittefarleg.
- Unngå rå mat, isbitar og saft om du er usikker på hygienen.
- Drikk aldri vatn frå springen der det vert anbefalt kjøpevatn.
- Ikkje klapp hundar og hold deg unna fuglar på reisa.
- Bruk høg solfaktor.